Trekløveret 4H i Kjølsdalen 60 år

Små og store var med på 60-årsfeiringa

Søndag feira Trekløveret 4H i Kjølsdalen 60-årsjubileum med kaker, utstilling og fest.

Fest: Det var god feststemning då Trekløveret 4H feira 60 år søndag. Festen vart starta og avslutta med flotte fellesnummer.   Foto: Olin Maria Yri

Det verkar som folk tykkjer det er kjekt å vere med

Nyhende

Det var dekka til fest då små og store feira 60-årsjubileum og haustfest for Trekløveret 4H i Kjølsdalen Samfunnshus, med blant anna utstilling, song og musikk, teater, sketsjar, adjektivhistorie, dans, kaker og åresal. Haustfesten og jubileet vart både starta og avslutta med flotte fellesnummer der alle medlemmane i klubben var med.