Køyrde med ugyldig løyve

Eit firma viste seg å køyre med ugyldig løyve, då det vart stoppa i kontroll på Kjøs tysdag.

Under ein kontroll tysdag vart det oppdaga at eit forma køyrde med ugyldig løyve.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var under ein kontroll med Statens vegvesen på Kjøs tysdag at det vart oppdaga at eit firma køyrde med ugyldig løyve. Firmaet vert meldt for forholdet.

43 køyretøy var inne på kontrollplassen denne dagen, og 30 av desse vart kontrollerte. Tre førarar fekk beskjed om å rydde i frontruta, og tre førarar fekk gebyr for slitt dekk, manglande dokument og ugyldig bombrikke. Ein annan førar måtte sikre lasta betre før vidare køyring, og eit køyretøy fekk mangellapp for teknisk mangel.