Helgesen er ordførarkandidat for Stad Sp

Nominasjonsnemnda for Stad Senterparti er klar med dei fire første kandidatane til kommunevalet 2019. Paul Jacob Helgesen toppar lista.

Frå venstre: Betty Hessevik, Paul Jacob Helgesen, Gunn Karin Sande. Foto:Privat 

Fjerdeplassen går til Ståle Sandal, kommunestyrerepresentant, formannskapsmedlem og leiar i Eid Senterparti. 

Nyhende

På topp og som Stad Sp sin ordførarkandidat har nominasjonsnemnda plassert Paul Jacob Helgesen. Han er oppvaksen i Selje og no busett på Nordfjordeid, og kjenner såleis til heile den nye kommunen. Helgesen har fartstid frå kommunestyret i Selje (2003-2007) og fylkestinget i Sogn og Fjordane (2007-2011) og er no klar for den  spanande oppgåva det vil bli å utvikle nye Stad kommune.

Som nummer to på lista står Gunn Karin Sande som har vore fast medlem i kommunestyret i Selje frå 2007-2018, og varaordførar 2011-2015. I inneverande periode er ho på fylkestinget, der ho sit i hovudutvalet for samferdsle.

På tredje plass står Betty Hessevik frå Bryggja. Ho sit no i kommunestyret og formannskap i Vågsøy.

Fjerdeplassen går til Ståle Sandal, kommunestyrerepresentant, formannskapsmedlem og leiar i Eid Senterparti.

Stad blir ein langstrakt kommune med store avstandar.

- Senterpartiet si nominasjonsnemnd for nye Stad kommune vil sikre ei god liste som har med kandidatar frå alle bygdelag.

 - Vi har mange gode namn på lista, men vi er alltid interessert i å komme i kontakt med nye samfunnsengasjerte personar. Så om du vil vere med på laget for å jobbe for levande bygder og tenestetilbod der folk bur så ta gjerne kontakt med nominasjonsnemnda, oppmodar leiar i nemnda Sidsel Otnes.