Ønskjer avklaringar om endra bruk

Dale vil vente

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) held fast på at det er avgjerande at ein har kontroll på kostnadsutviklinga før ein set i gang, og han ønskjer å få avklart endra bruk av tunnelen, mellom anna knytt til spørsmål om utvida hurtigbåtsamband.

NED I PRIS: Prosjektet må innanfor rammene som er avsett i NTP før ein startar realisering, fastslår samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) i svarbrev til Stad Høgre.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

Stad Høgre sende nyleg ein resolusjon om Stad skipstunnel der dei bad om at både samferdselsdepartementet og Høgre si stortingsgruppe arbeider for å få startløyving til skipstunnelen inn i statsbudsjettet for 2019, slik at realisering av dette viktige samferdselsprosjektet ikkje vert unødig forseinka. Partiet er både forundra og skuffa over at startløyving til Stad Skipstunnel ikkje er med i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2019.

– Må ha kostnadskontroll

I sitt svar viser Jon Georg Dale til at dei før sommaren fekk overlevert ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av Kystverket sitt forprosjekt av Stad skipstunnel og at kostnadsanslaget for tunnelen har auka frå 2,7 mrd. kroner i Nasjonal transportplan 2018–2029 til 3,7 mrd. kroner i den siste kvalitetssikringsrapporten. Auken frå Nasjonal Transportplan til forprosjektet er på 11 % og skuldast at Kystverket ikkje var ferdig med alle utreiingar på det tidspunktet. KS2-rapporten gav ein ytterlegare auke på 17 %.

Samferdsleministeren understrekar at det er avgjerande at ein har kontroll på kostnadsutviklinga i samferdselsprosjekt før dei vert sett i gang.

– Det er avgjerande for vidare framdrift for prosjektet at ein får ned kostnadene til ramma som er fastsett i Nasjonal transportplan. Det er vidare viktig å få avklart endra bruk av tunnelen, mellom anna knytt til spørsmål om utvida hurtigbåtsamband, poengterer Dale. Etter det han kjenner til vil dette arbeidet frå fylkeskommunane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vere ferdigstilt i februar/mars 2019.

– Dale skriv vidare at han ønskjer vidare dialog i saka, og håper at den førespegla utgreiinga frå fylkeskommunane kan bidra til dette på ein god måte.

Ministeren understrekar at Stad skipstunnel framleis står i NTP, og at regjeringa framleis legg til grunn ein ambisjon om å realisere NTP.

– Skal ein få til det, må vi ha kostnadskontroll, og prosjektet innanfor rammene som er avsett før ein startar realisering, fastslår samferdsleminister Jon Georg Dale.






Seljeordførar Stein Robert Osdal (KrF) om Stad skipstunnel:

– Ingen grunn til uro









Stad Arbeidarparti

Bekymra for Stad skipstunnel





Statsbudsjettet 2019

– Skuffande frå regjeringa!