– Ikkje godt nok, Dale

– Dette er ikkje godt nok. Det seier leiar i Stad Høgre, Kristen Hundeide om samferdselsminister Jon Georg Dale sitt svar om Stad skipstunnel.

MÅ HA LØYVINGAR: – Dersom ein verkeleg meiner noko med at Stad skipstunnel skal byggjast, så må det på plass løyvingar i 2019. Det seier leiaren i Stad Høgre, Kristen Hundeide.  Foto: Anna Wuttudal

Det er mykje førebuande arbeid som skal gjerast

Illustrasjon: Snøhetta / Kystverket  Foto: Snøhetta / Kystverket

Nyhende

Ønskjer avklaringar om endra bruk

Dale vil vente

 

– Viss ein verkeleg meiner noko med å realisere Stad skipstunnel, så må ein ha løyvingar i 2019. Det er mykje førebuande arbeid som skal gjerast, mellom anna knytt til grunnavståing og regulering, før ein byrjar på bygginga av tunnelen. Eg forstår at dei vil vente på utgreiing, men for å ikkje forseinke prosjektet, så må ein ha midlar for å kome i gang med å legge til rette, understrekar Hundeide.

Stad Høgre vil følgje opp prosjektet mot statsråden, departementet og partigruppene på Stortinget.

– Men er det ikkje like lurt å gjere som Dale seier og vente med alt til alt er kartlagt?

– Utgreiingane skal vere klare tidleg i 2019, og uavhengig av det er det mykje arbeid som må gjerast for å halde framdrifta, poengterer leiaren i Stad Høgre.






Seljeordførar Stein Robert Osdal (KrF) om Stad skipstunnel:

– Ingen grunn til uro









Stad Arbeidarparti

Bekymra for Stad skipstunnel





Statsbudsjettet 2019

– Skuffande frå regjeringa!