Påstand om forskjellsbehandling

Formannskapet i Eid gjekk samrøystes inn for å bygge ut VA-anlegg på Os slik tilråding var frå TSU.

NY KJELDE: Snart skal det bli drikkevatn frå Hornindalsvatnet  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sigurd Reksnes (Sp) støtta forslaget, men han stilte spørsmål ved det han oppfatta som forskjellsbehandling avhengig av kvar ein bur i Eid kommune. Reksnes viste til Heggjabygda der kommunen overtok infrastruktur frå vassverket, men samstundes kravde ekstra gebyr i tillegg til ordinær tilknytingsavgift. Sp-politikaren stilte spørsmål ved den prinsipielle vurderinga sidan det ikkje vert stilt liknande krav i samband med utbygginga på Os.