Millionar å hente på å auke eigedomsskatten

Det er eit betydeleg potensial for auka inntekter i Eid om ein aukar eigedomsskatten maksimalt. Potensialet i 2019 er 8,5 mill. ekstra og på sikt totalt sett 24 mill. ekstra i tillegg til dagens 12,7 mill. dersom ein innfører full sats på 7 promille både på bustader og næringseigedom.

KAN GI INNTEKTER: Eigedomsskatten kan gi pengar i ei slunken kommunekasse, men til no i haustens budsjettdebatt er det ingen som har teke til orde for å auke nivået frå dagens 3 promille.  Foto: arkiv

Nyhende

 

Eid kommune innførte eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader frå og med 2014. For 2014 var skattesatsen sett til 2,0 promille, for 2015 blei den sett til 2,5 promille og for 2016–2018 blei den sett til 3,0 promille.

I utgangspunktet er det ikkje lagt inn auke i eigedomsskatten i 2019-budsjett og økonomiplan 2019-2022, men her ligg det eit betydeleg potensial for auka inntekter.

12,7 mill. i 2018

I 2018 får Eid kommune inn om lag 12,7 millionar kroner i eigedomsskatt med eit utgangspunkt som er 3 promille. Kommunen kan auke skattesatsen med maksimalt 2,0 promille pr. år, maks opp til 7,0 promille.


Manglar i utgangspunktet 27 millionar kroner

Arbeidet med neste års budsjett i Eid er godt i gang.

 

Kan få inn 8,5 mill. ekstra i 2019

Utifrå tabellar i budsjettdokumenta har Fjordabladet rekna på potensialet for inntekter frå eigedomsskatt i Eid kommune.

Dersom kommunestyret bestemmer seg for å auke eigedomsskatten med 1 promille, vil det kunne auke kommunen sine inntekter med 4,2 millionar kroner per år. Med auke på 2 promille vil det utgjere kring 8,5 millionar kroner per år i ekstra inntekter.

Over to år er det mogeleg å auke opp til 7 promille, som altså vil generere ekstra årlege inntekter på om lag 17 millionar kroner frå bustad og fritidseigedom.

Sju mill. frå næring på sikt

Eid kommune har ikkje gjort vedtak om innføring av eigedomsskatt på verk og bruk eller anna næringseigedom. Dette er heller ikkje lagt inn som inntekt i økonomiplanen så langt.

Økonomisjefen opplyser i budsjettdokumenta om at ein med ei forsiktig berekning kjem til at det burde vere realistisk med ei inntekt frå dette området på 2,5 millionar kroner per år med ein sats på kring 2,5 promille.

Dette inneber at dersom ein etter nokre år går opp til maks sats på 7 promille vil inntektspotensialet utifrå dette vere på kring sju millionar kroner per år.


Budsjett og økonomiplan for Eid kommune

Utfordringa er større enn venta



Blodraude budsjettal i Eid kommune

Manglar 26,5 millionar kroner