FAU og elevrådet ved Eid ungdomsskule

Krev at skulen må vere klar for framtida

Auka elevtal, dårlege toalett- og garderobetilhøve og ventilasjon er ting FAU og elevrådet no ber om vert gjort noko med for å vere budd på framtida for Eid ungdomsskule.

Eid ungdomsskule: Thea Jacobsen og Daniel Navelsaker frå elevrådet, og Leiv Johnny Endal og Inge Adelsten Engebretsen i FAU krev betre toalett og garderobeforhold. I dag har 90 åttandeklassingar to toalett på deling, der det er dårleg avskjerming.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Eid veks og får stadig fleire innbyggjarar, og det er flott. Men vi får mange utfordringar som vi no ønskjer forbetringar på, seier FAU-leiar Leiv Johnny Endal.