Orienterte om status for naustet

– Fasiten er ikkje klar

– Førebels er det ingen fasit. Det er for tidleg å seie kva som vert utfallet av tvisten i samband med bygginga av Sagastadbygget. Det presiserer styreleiar i Eid Industrihus KF, Ove Bjørlo.

INNBYGGJARANE SINE PENGAR: Eid Industrihus KF er byggherre for Sagastadbygget. Det er eit heileigd kommunalt føretak, og det er innbyggjarane sine pengar dei forvaltar. Styreleiar Ove Bjørlo peikar på at hovudutfordringa er å halde den nye fristen, slik at bygget blir klart til opning kring 1. mai.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Bjørlo er oppteken av at ein no må ha fokus på framdrifta og at bygget skal stå klart til det første cruiseskipet kjem 20. mai.