4 Divisjon herrar: Eid mot Årstad

Tomålssiger til Eid

Søndag spelte herrane heimekamp mot Årstad. Kampen enda 22–20 til Eid.

MÅL: Herrelaget til Eid vann søndag 22–20 då dei spelte heime mot Årstad.   Foto: Olin Maria Yr

Nyhende

Det var ein jamn kamp frå start til slutt. Det tok litt tid før Eid kom i gong, men då laga hadde spelt 15 minutt stod det 5-5, og etter det følgde laga kvarandre tett. Eid gjekk til pause med ein 11–9 leding. Det vart ein spennande andre omgang, men Eid leda store deler av omgangen. Då laga hadde spelt i rundt 55 minutt var stillinga 19-19, og det var klart for nokre spennande sluttminutt. Eid vann til slutt 22–20 mot laget frå Bergen, som ligg heilt i toppen av tabellen. Oddbjørn Ulvestad Karlsen med åtte mål vart kåra til den beste spelaren på Eid.