Eid Handball og Haugen Handball vil ha gratis og redusert halleige

Meiner halleiga er for dyr

Halleiga i Eid er den tredje høgste på Vestlandet, og torsdag inviterte Eid- og Haugen Handball til møte med Eid kommune og handballpresidenten for å diskutere redusert halleige.

Møte: Hans Petter Andersen, dagleg leiar i Norges Håndballforbund region vest (t.v.), og Kåre Geir Lio, president i Norges Håndballforbund (midten) var til stades då Eid Handball og Haugen Handball inviterte til møte.   Foto: Olin Maria Yr

Nyhende

Eid Handball og Haugen Handball har fremja eit framlegg om gratis halleige for minihandball/barneidrett frå 6 til 12 år, uavhengig om dei trenar på Stårheim, Eid eller Hjelle. I framlegget er også halvert halleige for aldersgruppene frå 13 år og oppover. Dei to handballklubbane har bedt om at Eid kommune tek med framlegget i budsjettarbeidet for 2019.