Stad skipstunnel

- Må bygge dagens alternativ

Vågsøy kommunestyre er uroa over dei signala som samferdselminister Jon Georg Dale sender ut om at han vil vurdere å gå for eit mindre alternativ av Stad skipstunnel for å få ned kostnadane.
Nyhende

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap)har på vegner av Vågsøy kommunestyre sendt følgjande uttale om Stad skipstunnel til regjeringa v/statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen og samferdsleminister Jon Georg Dale med kopi til dei politiske partia på Stortinget:


«Uttale frå Vågsøy kommunestyre om Stad skipstunnel

Vågsøy kommunestyre er uroa over dei signala som samferdselminister Jon Georg Dale sender ut om at han vil vurdere å gå for eit mindre alternativ av Stad skipstunnel for å få ned kostnadane.

Vågsøy kommunestyre meiner at det kun er dagens alternativ som Kystverket har utgreidd og gått inn for, som må byggast.

For Vågsøy kommune og seinare Kinn kommune, vil dette prosjektet ha store moglegheiter for å utvikle området og skape nye arbeidsplassar, dette vil gjelde heile regionen.

Dette er framtidsretta og vil etter kommunestyret si meining ha størst ringverknader. Kommunestyret viser for øvrig til Per Sævik sine ut talar på Vanylvskonferansen der han seier at «Det mindre alternativ er bortkasta pengar».

Skal Stortinget oppnå målet om å få meir gods frå veg til kjøl, er det største alternativet ein soleklar føresetnad for å kunne nå dette målet, og skipstunnelen må byggast.

I tillegg vil Stad skipstunnel vere med på å gje eit sikrare alternativ til det mest vêrharde havstykket langs heile kysten.

Stad skipstunnel er eit unikt prosjekt i verdssamanheng og må sjåast i lys av dette. Denne tunnelen vil ikkje berre sette Nordvestlandet på verdskartet, men heile Norge. Kommunestyret er forundra over Hurtigruten sin utale om bruk av Stad skipstunnel, og meiner at fleire av momenta Hurtigruten nemner ikkje er relevante.

Vågsøy kommunestyre vil også vise til Fylkestinget i Sogn og Fjordane sine utalar i saka. Vi er også skeptiske til måten KS 2 en er laga på, der dei positive sidene knapt nok er tekne med, men dei negative er dregne heilt ut, dette gjev avgrensa truverde.

Kommunestyret har tiltru til Kystverket, og vil be om at Kystverket får i oppgåve å gå gjennom KS 2 og komme med si vurdering av denne.

Vågsøy kommunestyre krev derfor at Regjering og Storting løyver dei omtala 30 mill til grunnkjøp i haustens  budsjett for 2019.»