Har tilsett leiarar i Stad kommune

Både kommunalsjef Elin Leikanger, kommunalsjef Harald Sivertsen og tidlegare plan- og utviklingssjef i Eid, Kristine Dahl er med vidare som kommunalsjefar i leiargruppa i Stad kommune. Ny kommunalsjef for Helse og omsorg er Barbro Longva.

Elin Leikanger (t.h.) er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde areal og eigedom i Stad kommune. Dagens kommunalsjef i Eid for helse og omsorg Kari Krogh (t.v.) sluttar etter eige ønskje i løpet av 2019. 

Harald Sivertsen er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde oppvekst og opplæring. 

Kristine Dahl er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde kultur og samfunn. 

Nyhende

På heimesida til Stad 2020 vert det opplyst at:

Harald Sivertsen er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde oppvekst og opplæring frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Elin Leikanger er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde areal og eigedom frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Kristine Dahl er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde kultur og samfunn frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Barbro Longva er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde Helse og omsorg, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Ole Starheim er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde økonomi frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Ingunn Rotihaug er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde personal og kommunikasjon frå 1.1.2010, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Kristin Otneim Aarsnes er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde strategi og samordning frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid

Ragna Haaland er tilsett i 100 % stilling som rådgjevar for stabsområde strategi og samordning frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset i Selje.

Frå før er det kjent at Eid-rådmann Åslaug Krogsæter vert rådmann i Stad kommune.

Den nye leiinga i Stad tiltrer 01.01.2020.

Krogh skal slutte

På nettsida til Stad2020 vert det opplyst at det har vore gjennomført kartleggingssamtale og intervju av alle kommunalsjefar og stabsleiarar i Eid og Selje kommunar i høve innplassering i stillingane som kommunalsjefar og stabsleiarar i Stad kommune frå 1.1.2020.

To av dei aktuelle kommunalsjefane til stillinga som kommunalsjef for Helse og omsorg, Ragna Haaland og Kari Krogh, har meldt i frå om at dei ikkje ønskjer å fortsetje som kommunalsjef i Stad kommune. Kari Krogh har ønskje å slutte i Eid kommune i løpet av 2019 og Ragna Haaland har sett fram ønskje om ei rådgjevarstilling innan hennar kompetanseområde.

Stillinga som kommunalsjef for kommunalområde Helse og omsorg har vore lyst ut internt  i Eid og Selje kommunar, og det var ein søkjar til stillinga.