Feira 100 år med fest

Eid Arbeidarparti er 100 år i haust, og dette vart laurdag markert med ein jubileumsfest for alle medlemmane i Stad Arbeidarparti.

Plakettar: Dei som hadde vore med lengst i Eid Arbeidarparti, fekk heider og plakettar. Dette var: Margunn Ervik 63 år, John Ekroll 61 år, Marit Lefdal 50 år, Tormod Nilsen 47 år, Kjell Haugland 39 år, Liv Stokkenes Jacobsen 38 år, Målfrid Ekroll 35 år, Per Støylen 35 år, Sigbjørn Hjelle 34 år, Anne Johanne Botn 30 år, Sæmund Rindal 30 år, Ragnvald Sandvik 30 år. Alle var ikkje til stades under feiringa.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det norske Arbeidarpartiet vart skipa i 1887, og 30 år etterpå vart det vart etablert eit lokalparti i Eid. Eid var på mange måtar tidleg ute, for det var inga organiserte arbeidarrørsle i Sogn og Fjordane før 1915.