Møteplass i kulturnatta

kulturnatt: Jackbow frå Eid vil spele i Gymmen fredag 9. november under kulturnatta. Som ein del av arrangementet kulturnatt for Eid og Selje. foto: arkiv 

frå Stadlandet: Dette bandet av unge gutar frå Stadlandet heiter The Wolf Puppies. Dei skal spele i Gymmen 9. november. Og i Selje samfunnshus på laurdag. foto: privat 

frå selje: Camilla Jørgensen frå Selje vil spele gitar og synge under konserten i Selje samfunnshus laurdag 10. november. 

jenteband: Jentebandet S.U.N. frå Eid vil spele under kulturnatta i Gymmen på Eid. foto: arkiv 

spelemannslag frå ervik: Laurdag 10. november vil Sentrum spelemannslag frå Ervik spele opp på Seljetunet omsorg og rehabilitering. foto: privat 

Nyhende

Kulturnatt i Nordfjord er i år sett til fredag 9. november. Då blir det arrangement i Selje og Eid, medan Selje også vil halde fram på laurdag 10. november. Det blir to felles arrangement. Det første i Gymmen på Nordfjordeid fredag 9. november, det andre er konsert i Selje samfunnshus laurdag 10. november.

Initiativtakarane er kulturavdelingane i Eid og Selje kommunar. Dei som har jobba med arrangementa er ungdomskontakt Maria Helgesen i Selje, kulturskulelærar i Selje Bjørn Inge Berge, dirigent Line Dybedal og kulturskulerektor i Eid, Dan Aasebø.

– Vi skal inn i ei felles kommune frå 2020, då er det naturleg å tenkje felles arena for dei unge i Selje og Eid, seier Maria Helgesen.