Kulturnatt i Eid -Selje 9. november

Jentebandet SUN er eit av banda som vil stå på scena under det felles arrangementet i Gymmen på Nordfjordeid 9. november.  

Unge i Selje og Eid vil møtast i kulturnatta 9. november. For song og musikk, og felles møteplass.

Nyhende

Det felles arrangementet i Gymmen 9. november vil fokusere på musikk frå band, gitar og song. To band frå kulturskulen i Eid vil stå på scena, det er Jackbow og jentebandet SUN. Frå Selje vil det unge bandet The Wolf Puppies vere på plass. Det består av fem unge musikarar på rundt tolv, tretten år og har sitt utspring frå ungdomsklubben Blikken på Stadlandet.

I Gymmen vil også elevar frå valfaget Sal og scene ved Eid ungdomsskule vere med. Dei skal danne eit større kor som skal synge under kulturnatta. Elles blir det musikk og song frå elevar innan gitar og song i kulturskulen denne kvelden.

Til Selje

Laurdag vil ungdom frå Eid reise ut til Selje for å vere med på eit arrangement der. Også det er under paraplyen «Bli kjent STAD 2020». Her blir det konsert i Selje samfunnshus der The Wolf Puppies vil spele. Andre på scena denne kvelden blir Sentrum spelemannslag frå Ervik, Selje og Stadlandet skulekorps, Camilla Jørgensen frå Selje og Tone Hessevik frå Bryggja. Også her vil koret frå Sal og scene ved Eid ungdomsskule vere på plass.

Sytten arrangement i Selje

I alt er det heile sytten arrangement i Selje under Kulturnatt 2018. Først ute er barnehagar i Selje som skal besøkje Seljetunet, Selje eldretun, Stadlandet eldretun og Flatraket eldretun.

På Selje folkeboksamling blir det språkkafé fredag på dagtid. Om kvelden blir det filmkveld på ungdomsklubben Blikken på Stadlandet, ungdomskveld på Filadelfia, Stadlandet, kulturnattilbod på Havbris Café, Selje, open pub på Furubuda, rock and roll night med trubadur på Blue Lagoon i Selje. Laurdag skal Sentrum spelemannslag spele opp på Seljetunet, det blir tur, suppe og konsert med Stig Ulv i Antonfloren på Drage, meir rock and roll på Blue Lagoon og karaokekveld på Furubuda Logde i Selje sentrum. I tillegg kjem også arrangementet på Selje samfunnshus med ungdom frå Selje og Eid.

Kulturnatt på Sagastad

Under kulturnatta i Eid fredag 9. november blir det mellom anna vikinghest, vikingspel og vikingar på Sagastad. Då blir det open hall med vikingskipet på Sagastad. Her kan ein oppleve vikingskipet og vere med på riding på hest frå Eid fjordhestlag. Vikingar frå Fjordane folkehøgskule vil også vere til stades med god stemning og leik. Her kan ein få kjøpe varm ertesuppe.

Tidlegare på dagen vil elevar frå vikinglinja på folkehøgskulen vise fram eit vikingspel i Sagaparken, med barn frå barnehagane i Eid som publikum.

Eid idrettshall blir også open for gratis bading denne kvelden. Det blir kveldsope bibliotek, to norgespremiere på kino og bokkafé på Frivilligsentralen. På Bankkjellarpuben, Magnifikk, Aske og i Gamlebanken vil ein finne kulturnattarrangement i løpet av denne kvelden.

Under bokkaféen på Frivilligsentralen blir det presentasjon av Historisk årsskrift for Hornindal, Sogeskrift for Eid, Ljøren, Årbok for Nordfjord, Jul i Nordfjord. Else Kjørstad Aurdal, som vaks opp i Hornindal, har skrive boka Slekt frå Nordfjord. Ho vil også vere til stades med presentasjon.