Inviterer til internasjonal fest i Operahuset

Denne flotte gjengen gleder seg til å vise fram litt av sin kultur. I fjor vart det stappfullt på Eid kyrkjetun, og dei flyttar difor i år festen til Operahuset slik at endå fleire kan kome. Dei håpar mange tek med seg familien og tek turen til Operahuset denne internasjonale kvelden. 

Nyhende

Tysdag 6. november inviterer vaksenopplæringa alle i Eid – og gjerne folk frå andre stader - til internasjonal fest i Operahuset Nordfjord.

Dei byr på internasjonalt program – med song og dans frå nokre av landa som er representerte på vaksenopplæringa.

Familiane frå vaksenopplæringa tek med seg mat frå sitt heimland og inviterer til spennande  internasjonale smakar.

Det blir også lotteri, der inntekta går til UNICEF.

Vaksenopplæringa håpar mange vil vere med på denne festen, også folk i Eid som ikkje har innvandrarbakgrunn. Dei lovar ein triveleg kveld med mykje god mat. Ordførar Alfred Bjørlo blir også med.

Oselie blir med

MGP jr. vinnar 2017 Oselie Henden skal opptre på festen. Ho er ei samfunnsengasjert jente. MGP jr.-vinnarlåta «Verda Vår» handlar om flyktningkrisa og «Hald mi Hand» handlar om det å bry seg om kvarandre. I tillegg auksjonerte ho nyleg ein konsert til inntekt for TV-aksjonen, og no gleder ho seg til å synge på denne Internasjonale festen.