30 musikalske år på Eid

I desse dagar er det 30 år sidan det nygifte paret Ralph(34) og Karin(23) Cupper kom til bygda. I åra som har gått har han markert seg tydeleg i musikklivet, medan ho har skrive fire bøker.

BLOMAR OG SJEKK: Kyrkjeverje Kristen Hundeide gav blomar til Karin og sjekk til Ralph Cupper i samband med 30-årsmarkeringa.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Slik det no er går folk i Eid for lite i kyrkja.

Ralph Cupper
Nyhende

Båe har eit kristent livssyn og har kristen bakgrunn i byen Norwich i sør-aust England. Ralph har musikkutdanninga si frå Royal Academy of Music, med to års tilleggsutdanning i orgelspel. Han har og eksamen i teologi og meistrar gresk. Sidan mora er tysk er han tospråkleg og kjenner kyrkjeliv godt i Tyskland og. Karin har utdanning som sekretær og jobba i Frelsesarmeen i heimbyen før dei flytta til Noreg.