Ønskjer å redusere tal møte

Rådmannen Åslaug Krogsæter ønskjer å redusere talet på politiske møte i Eid i 2019.
Nyhende

Den viktigaste grunnen til dette er at 01.01.2020 nærmar seg og meir vil angå Stad enn Eid i året som kjem. Dette betyr at saksmengda til fellesnemnda og partssamansett utval vil auke, og ein må dermed ha ein møtefrekvens som kan handtere dette.

– Det er dei same personane som må delta både politisk og administrativt, så skal det vere mogleg å løyse dei oppgåvene som løysast må før samanslåinga, så må vi vere effektive og restriktive når det gjeld møtefrekvens, påpeikar rådmannen. Ho peikar på at det i møteplanen for 2019 også må vurderast kva behov det er for felles møte for kommunestyra i Eid og Selje. Det vil vere behov for å gi felles informasjon og gi høve til drøftingar kommunestyremedlemmene i mellom slik at ein kan førebu seg på best mogleg måte til å bli Stad kommune.