Suksess med HalloVenn

Tusen store og små storkoste seg i fargerike kostyme på HalloVenn i Eid Idrettshall onsdag kveld.

Store smil: Store smil og lutter glede var det å spore overalt, og folk såg ut til å storkose seg på HalloVenn.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Små og skumle: Mange små og skumle barn i idrettshallen på Nordfjordeid onsdag.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

KØ: Mange tolmodige barn i kø for å hoppe i hoppeslottet.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Søte systrer: – Vi elskar å kle oss ut, og så elskar vi godteri, fastslo Helene (4) og Marie (2).  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

MANGE: HalloVenn på Nordfjordeid er det største i landet, og arrangørane rekna med at 1.000 var innom Eid idrettshall onsdag kveld.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Fire kompisar: 2.-klassingane Maxmillian, Tobias, Simon og Olai hadde kledd seg ut som skumle typar, som koste seg på HalloVenn.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Små og store: Pappa Jan Olav Larssen (42 ) og Ole Bjørn Larssen Skibevaag (5) hadde kledd seg ut som pølse og politi.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Flink heks: Karoline frå Hjelle er her i full gang med å prøve seg på å unngå straum.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Sekkeløp: Å hoppe med sekk var populært aktivitet.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

100 kilo godteri gjekk med på det som er det største av alle HalloVenn-arrangement i landet.

Det er kyrkjene i Eid som står bak HalloVenn lokalt, og dei stilte med 60 frivillige. Bakgrunnen er at ein ønskjer eit positivt alternativ til halloween-feiringa – der ein har godteri som innsats. I år vart det arrangert for femte året, og barna kunne gjere mange aktivitetar for å få godteri.

– Vi elskar å kle oss ut, og så elskar vi godteri, fortel systrene Helene (4) og Marie (2). Overalt i idrettshallen kunne ein finne alt frå søte hekser, dinosaurar, klovnar, til politi og ninja.