Mindreårige får tilbod om hasj på fest

Politiet er bekymra

Det er eit miljø for hasj blant ungdom i Eid, noko som bekymrar politiet. Dei opplyser at ungdom frå slutten av ungdomsskulen og oppover får tilbod om hasj på fest.

Følgjer med: Politioverbetjent og politikontakt Hanne Heggen melder at politiet følgjer med og jobbar aktivt med rusproblematikken. I dag er det største problemet omsetning av hasj og amfetamin, spesielt blant ungdom.   Foto: Olin Maria Yri

Føresette må ikkje vere naive

Nyhende

For kort tid sidan har politiet gjort fleire beslag av MDMA, også kjend som ecstasy, rundt om i kommunen. Firdaposten skreiv blant anna at politiet fann mellom 70 og 100 brukerdoser på ei mindreårig jente i Florø. I Eid har ikkje politiet gjort beslag av det syntetiske stoffet.