Weezer til Malakoff

For første gong sidan 2001, skal det legendariske rockebandet gjere to konsertar i Norge. Ein av dei er Malakoff 2019.

Weezer skal spele på Malakoff 2019.   Foto: Pressemelding

Nyhende

I dag vart det klart at etter 18 år kjem eit av verdas største rockeband, nemleg det amerikanske rockebandet Weezer, til Norge, og skal spele på Malakoff 2019 og Buktafestivalen i Tromsø, som begge blir arrangert 18.-20. juli 2019.  Dei to festivalane har hatt eit samarbeid rundt fellesbooking i fleire år, og i år har dei altså klart å booke Weezer som er kjend for låtar som «Island In The Sun» og «Beverly Hills»,», «Say it Ain't so».

– Det har vore ein stor draum for meg og for veldig mange andre å få oppleve Weezer på konsert i Norge. No får vi nettopp det – og det i heimbygda. Det er til å få tårer i auga av, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Frå før er Madrugada og Sigrid klare for Malakoff 2019.