Stort engasjement for trampolinepark

Vil ha den i kyrkjeparken

Temperaturen steig og engasjementet var stort då oppvekst og kulturutvalet i Eid diskuterte plassering av ein trampolinepark.

Trampolinepark i Kyrkjeparken: Oppvekst og kulturutvalet i Eid høyrer på ungdomsrådet, og meiner kyrkjeparken på Nordfjordeid er den beste plasseringa for den nye trampolineparken.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det er ikkje sikkert det er dette eg vil bruke pengar på

Nyhende

Ungdomsrådet hadde saka til handsaming tidlegare denne veka, og landa på kyrkjeparken. Ungdommane var opptatt av å ikkje ta av grøntarealet i Sagaparken, fordi der møtast folk, pratar og ein ligg der og solar seg ved badestranda. Ungdomane var samtidig opptatt av at ein trampolinepark skal ligge i sentrum. Dei meinte at plassering mellom ungdomsskulen og barneskulen ville ikkje gjere den tilgjengeleg for folk flest fem dagar i veka. Ungdomsrådet meiner at beste plasseringa difor er kyrkjeparken.