Imponerande og variert haustshow

Tysdag vart det arrangert Haustshow med Kulturskulen i Eid.
Bildegalleri

Haustshowet tysdag, som vart opna av Kjølsdalen skulemusikk, inneheldt varierte innslag, sjølv om det denne gongen var retta mot blant anna akustisk musikk og instrument, samt dans. Også Nordfjordeid skulekorps, strykarar, dansarar, barnekoret og pianistar stod på scena under haustshowet. Det var eit imponerande mangfald som fekk vise seg fram på scena gjennom kvelden. Haustshowet vart avslutta med eit flott fellesnummer der blant anna barnekoret, korpsa og strykarane framførte Fairytale av Aleksander Rybak.