– Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned!

Ordførarane og næringslivet i Nordfjord har sendt brev til Samferdsledepartementet v/statsråd Jon Georg Dale, Kommunal- og regionaldepartementet v/ statsråd Monica Mæland, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ fylkesordførar Jenny Følling, Fellesnemnda for Vestland fylke v/ leiar Anne Gine Hestetun der dei slår ring rundt Statens vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord.

Ei sentralisering av trafikant- og køyretøyretta oppgåver vil ikkje minst vere negativt for næringslivet. Transportnæringa er stor i Nordfjord, og treng nærleik til dei tenestene dei i dag får på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Arkivfoto 

Nyhende

Bekymra, men kampklar

Fungerer godt

Brevet har følgjande ordlyd:

«Vi syner til pågåande og planlagde omstillingsprosessar i Statens Vegvesen, omtalt i Statsbudsjettet 2019 (omlegging av trafikant- og køyretøytenester, effektivisering av statlege forvaltingsoppgåver, overføring av vegadministrasjon for fylkesvegnettet til fylkeskommunane).

Statens Vegvesen har i dag eit samla fagmiljø på 31 personar knytt til Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Staben er delt inn i ulike tenesteområde, med ulike leiarar som er plassert andre stader i Region Vest eller i Vegdirektoratet. Om lag halvparten arbeider med trafikant- og køyretøytenester, medan den andre halvparten arbeider med forvaltingsoppgåver.

Kommunane og næringslivet i Nordfjord er uroa over at omstillingsprosessane som pågår i statleg regi på vegområdet ser ut til å skje utan nødvendig samordning og heilskap - og i sum vil føre til nedbygging av dagens fagmiljø og tenester i Statens Vegvesen i vår region.

Det reagerer vi sterkt på. Nordfjord har frå før få og små statlege forvaltingsmiljø samanlikna med dei fleste andre bu- og arbeidsmarknadsregionar i landet. Nordfjord har heller ikkje fått tilført nye oppgåver og funksjonar gjennom Regjeringa sin plan for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Vi synst det er påfallande at det no ser ut til at Nordfjord enno ein gong skal råkast negativt av ei statleg omorganisering - i staden for at ein nyttar høvet til å tilføre eit eksisterande, velfungerande statleg fagmiljø i Nordfjord nye funksjonar og oppgåver.

Ei sentralisering av trafikant- og køyretøyretta oppgåver vil også vere negativt for næringslivet.

Transportnæringa er stor i Nordfjord, og treng nærleik til dei tenestene dei i dag får på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Vi ser det som meiningslaust at i ei tid då teknologi gjer desentralisering av tenester enklare enn før, skal næringslivet i Nordfjord bli påført lenger reisetid, auka kostnader og auka miljøbelasting for å få utført tenester som i dag blir gitt lokalt.

Vi reagerer også på at Statens Vegvesen allereie har byrja ei "bit-for-bit" nedbygging av tenestene ved trafikkstasjonen på Nordfjordeid - gjennom fjerning av einskildfunksjonar (oppkøyring for  tungbil) og reduserte opningstider på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid

Kommunane og næringslivet i Nordfjord krev difor at Regjeringa no tek eit samla grep om omorganiseringa av Statens Vegvesen der ein held oppe og styrkar fagmiljøet i Nordfjord - og ser dette i samanheng med mål om:

- Balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar i ulike bu- og arbeidsmarknads-regionar - med mål om å styrke vekstkraftige regionar som har få statlege forvaltingsmiljø pr i dag

- Å nytte Statens Vegvesen sin pr i dag desentraliserte struktur og utstrekte bruk av ny teknologi til å lokalisere forvaltingsoppgåver som skal rasjonaliserast ute i distrikts-Noreg, framfor å sentralisere dei til dei største byane

- Å tilby næringslivsretta og publikumsretta tenester nært brukarane

- Å sikre at ikkje overføringa av vegadministrasjon frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane fører til ein meir sentralisert struktur på fagmiljøa enn i dag - stikk i strid med målet med regionreformen

Vi vil også be nye Vestland fylke medverke til at Statens Vegvesen sitt eksisterande fagmiljø på Nordfjordeid ikkje blir svekka som følgje av overføring av administrasjonen av fylkesvegnettet.

Nye Vestland fylke må både her og på andre område sjå verdien av å sikre og styrke forvaltingsmiljø i fylkeskommunal regi også i den nordlegaste bu- og arbeidsmarknadsregionen i det nye fylket.

Sven Flo (sign) Stryn kommune (ordførar)

Kristin Maurstad (sign) Vågsøy kommune (ordførar)

Leidulf Gloppestad (sign) Gloppen kommune (ordførar)

Stein Robert Osdal (sign) Selje kommune (ordførar)

Stig Olav Lødemel (sign) Hornindal kommune (ordf.)

Audun Åge Røys (sign) Bremanger kommune (ordførar)

Alfred Bjørlo Eid kommune (ordførar)

Anita Vinsrygg (sign) Stryn Næringssamskipnad (Næringslivet i Stryn)

Ingvill Hestenes (sign) Gloppen Næringsorganisasjon  (Næringslivet i Gloppen)

Olav Steimler (sign) Stad Vekst (Næringslivet i Eid og Selje)

Randi Paulsen Humborstad (sign) Måløy Vekst (Næringslivet i Vågsøy)"

Fryktar for framtida

Snik-sentralisering i det stille

Slutt på oppkøyring av tungbil