Vinterlys på Amfi Nordfjord

Jula har ikkje nådd Nordfjordeid endå, men Amfi Nordfjord har fått ny vinterbelysning.

Vinterlysa på Amfi Nordfjord blir slått på i morgon.   Foto: Inger Træen

Nyhende

– Dette er dei nye stemningslysa våre, for å skape litt meir lys i ein mørk kvardag. Desse lysa kjem til å stå på frå november til og med februar, når det er mest utriveleg og mørkt ute, opplyser senterleiar Gro Gjerdevik.

Ho lovar at det kjem endå meir lys i god tid før advent.

  – Vi har investert i ordentleg lys og pynt i år. 23. november så tenner vi julelysa på senteret, og folk kan berre glede seg. Det vert med andre år todelt stemningsbelysning på vinterstid. Vi gleder oss i alle fall til å vise fram kor flott det blir. Inne på senteret vil det også kome små juletre, pynta med kunstskattar frå barnehagane.