Tok førsteplassen i fotokonkurranse

Eid IL, jenter 9-10 år kom på førsteplass under ein fotokonkurranse arrangert av NFF Sogn og Fjordane og Trygg Trafikk.

Fotokonkurranse: Eid IL, jenter 9-10 år tok førsteplassen for fjerde år på rad.  Foto: Privat

Nyhende

I samband med Kongleriket-turneringane 23. september inviterte NFF Sogn og Fjordane og Trygg Trafikk til ein fotokonkurranse med tema «Treffsikre miniputtar» for alle miniputtlag i fylket. Trafikktryggleik var fokuset under turneringa og målet var å auke bevisstheita rundt temaet.

Laget som kom på førsteplass og vann 4000 kroner var Eid IL, jenter 9-10 år. Dette er fjerde året på rad at dei vinn konkurransen. Eid IL jenter 5 og 6 år kom på ein delt tredjeplass.

Utdrag frå teksten til Eid IL, jenter 9-10 år: Vi ønskjer at alle barn skal få oppleve gleda av å vere ein del av fotballen i Eid. (..) Å bruke bilbelte og bilsete er ikkje ei sjølvfølge for born som ikkje er vande med å sitje i bil eller kjem frå land der slike reglar ikkje eksisterer. Å reise med felles transport gjev oss derfor ein unik moglegheit til å lære bort viktige trafikksikringsreglar, som vi har i Norge - både til spelarar, men også til foreldra. Dei norske jentene på laget er veldig flinke til å ta ansvar. Dei forklarar og passar på at alle er godt sikra i bilen.