Stansa 15 råkøyrarar

15 sjåførar vart tatt for å køyre for fort i 50-sona på Bryggja.

15 sjåførar vart tatt for å køyre for fort i 50-sona på Bryggja.  Foto: Inger Træen

Nyhende

Utrykkingspolitiet hadde tysdag fartskontroll i 50-sona på riksveg 15 på Bryggja. Heile 15 bilførarar vart stansa for å ha køyrt for fort, og det vart skrive ut forenkla førelegg til desse. Høgaste fart som vart målt var 70 km/t. Det vart også gitt bot til ein førar som brukte mobiltelefon medan han køyrde.