Ros til førarar

– Det var mange flinke førarar på kontrollen på Kjøs tysdag, rosar Ove Garlid ved Statens vegvesen.

Vegvesenet hadde kontroll på Kjøs.  Foto: Arkiv

Nyhende

Vegvesenet hadde kontroll på Kjøs, der 33 køyretøy var inne på kontrollplassen og 22 av desse vart kontrollerte.

To førarar fekk beskjed om å rydde frontruta. Eit køyretøy måtte køyre direkte til verkstad for calibrering av fartsskrivar, og ein førar fekk åtvaring for brot på køyre og kviletidsregelverket.