Redusert flyktningtilskot gjev utfordringar for Eid

MANGLAR 27 MILLIONAR KRONER: Politikarane i Eid slit med stort sprik mellom inntekter og utgifter. Nedgangen i flyktningtilskotet er sterkt medverkande til problem med å få budsjettbalanse.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Blodraude budsjettal i Eid kommune

Manglar 26,5 millionar kroner

 

Redusert flyktningtilskot er ein av dei store postane som gjev økonomiske utfordringar for Eid kommune framover. Kommunen har på at ein årleg skal ta imot 30 flyktningar, men får truleg langt færre i åra framover.

På grunn av statleg innstramming knytt til innvandring, får ikkje kommunane lenger tildelt flyktningar som tidlegare år. I utrekninga av tilskot i komande økonomiplanperiode er det lagt til grunn mottak av 15 flyktningar pr. år.

Av saksutgreiinga i samband med årsbudsjett 2019 og økonomiplan 2019–2022 går det fram at det er ei veldig stor utfordring for Eid kommune at tilskotet vert redusert frå 38,0 millionar kroner i 2018 til 16,0 millionar kroner i 2022.

Om lag 60 % av flyktningtilskotet vert nytta til drift av flyktningtenesta og EM-tiltaket, medan 40 % går til generell styrking av den kommunale tenesteytinga.

Sjølv om kommunen held fram med å ta imot 15 flyktningar per år, vil tilskotet gå ned.

Kommunane får eit integreringstilskot som generelt statstilskot for kvar flyktning/asylsøkjarar kommunen tek i mot. Tilskotet pr. flyktning er høgast fyrste året og vert så gradvis trappa ned over ein periode på 5 år. Kommunen er difor avhengig av å ta imot nye flyktningar kvart år for å halde oppe tilskotet.


Budsjett og økonomiplan for Eid kommune

Utfordringa er større enn venta