Reagerer på piggtråd ved skiløype

Henry Løkling frå Eid er oppgitt over at det er sett opp piggtrådgard rett ved skiløypene ved Harpefossen.

Reagerer: Henry Løkling reagerer på piggtråd ved skiløypene ved Harpefossen. – Det vil vere forferdeleg trist om nokon skadar seg på piggtråd når dei er ute i skiløypene, seier han. Her går Løkling på same plass som skiløypene er om vinteren. No håper han piggtråden kan takast bort.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Skiløypa går rett ved sidan av piggtråden. Når det kjem ein meter snø vil piggtråden vere i ankelhøgde, påpeikar Løkling, som fryktar at både barn og eldre skal bli skada .