Espen Sandmark Heia er ny kokk

Lidenskap for mat

Utan fagbrev, men med kjærleik og lidenskap for faget, er Espen Sandmark Heia ny kokk på Aske Gatemat og Bryggeri.

Veldig kjekt: Espen Sandmark Heia sin lidenskap og kjærleik for mat er stor. No får han jobbe med hobbyen sin også som kokk.   Foto: Olin Maria Yri

Så lenge ein jobbar hardt, så får ein til det aller meste

Nyhende

I desember for fire år sidan fekk Espen Sandmark Heia eit tilbod om å ta over som eigar på Circle K Eid, og i full fart sette han kursen mot Eid. Den første månaden sov han på ein sofa i ei umøblert leilegheit og jobb var det som stod i fokus, før sambuaren hans kom i januar. Det har skjedd mykje i løpet av dei fire siste åra, og no i haust fekk han også eit tilbod om å vere kokk hos Aske Gatemat og Bryggeri, trass i at han ikkje har fagbrev eller kokkeutdanning. Men matlaging er ikkje noko nytt for Heia, som vaks opp med ei mor som jobba på Jonathan, ein restaurant i Trondheim, som han beskriv som «ein av dei betre restaurantane i byen». Der var han og familien, som alltid har vore svært glad og interessert i mat, mykje. Dette har nok vore med på å byggje opp interessa hans for mat, men den slo ikkje ut seriøst, før rundt fem år tilbake i tid. No har Heia altså fått moglegheita til å jobbe med faget han har ein stor kjærleik og lidenskap for.