Stadlandet skule

Glede over nytt skuleområde

Store smil og rein glede var å spore då det nye uteområdet ved Stadlandet skule vart offisielt opna fredag.

Opning av nytt uteområde: Ordførar Stein Robert Osdal stod for den offisielle opninga av det nye uteområdet ved Stadlandet skule.   Foto: Privat

Samlingsplass: Uteområdet har blitt ein ny samlingsplass.  Foto: Privat

Glede: Elevane er glade for dei nye aktivitetane som er noko elevane kan gjere saman over fleire klassetrinn.  Foto: Privat

Nyhende

– Det er kjekt å sjå at så mange kom for å vere med på opninga av nytt uteområde ved skulen sist fredag, melder rektor ved Stadlandet skule, Anita Otneim Hoddevik.

Stort løft

Uteområdet er eit stort løft økonomisk og arbeidsmessig som skulen har fått til i samarbeid med elevar, foreldre, næringsliv og Stadlandet Idrettslag.

– Elevane er kjempeglade for dei nye aktivitetane som er noko elevane kan gjere saman over fleire klassetrinn, fortel rektor.

Ny samlingsplass

Uteområdet er blitt ein ny samlingsplass på skulen. Men det stoppar ikkje der. Planane er klare for endå meir.

– Framover har vi planar om ein buldrevegg som også blir ein del av dette uteområdet. Til realisering av buldreveggen har vi allereie fått ei pengegåve på 15.000 kroner frå Stadt Gym, opplyser Otneim Hoddevik.

Aktivitetsløype

Til andre byggetrinn har ein også planar om ei aktivitetsløype/militærløype over ein større del av skuleområdet.

– Til dette prosjektet har vi søkt om spelemidlar også. Vi er veldig takksame for alle bidrag vi har fått til uteområdet vårt, og vi ser fram til vidare samarbeid og samskaping av uteområdet ved skulen, seier rektor Anita Otneim Hoddevik.