Nordfjord taekwondoklubb markerte 20 år

Nordfjord taekwondoklubb er 20 år. Det blei markert med treningshelg i Kjølsdalen.

I helga var det full konsentrasjon og mange spenstige ufordringar, då Nordfjord taekwondoklubb markerte 20 år med treningshelg på Kjølsdalen montessoriskule.   Foto: Inger Træen

Nyhende

I helga var opp under 50 utøvarar av taekwondo samla i Kjølsdalen. Det var treningshelg i samband med at Nordfjord taekwondoklubb i år feirar 20 år. Til stades som trenarar var grandmaster Cho Woon Sup og master Anna Kim.