Kvinnetrio frå Eid tok pallplassane

Eid fjordhestlag arrangerte i helga følskue på Norsk fjordhestsenter. Tre kvinner frå Eid tok alle pallplassane med sine hingsteføl.

Denne kvinnetrioen frå Eid tok med seg dei tre beste plasseringane for unge hingsteføl på Norsk fjordhestsenter i helga. Frå venstre Ingeborg Bjelland med unge Faltin (etter Torsetblakken) som blei nummer ein i kvalitet, Hilde Kristin Strandos med Viking Fjord, to i kvalitet og medeigar Asle Espe, Linda Beate Svoren med Årøy Elvin som fekk tre i kvalitet av dei unge hingsteføla.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Årets følskue vart i helga arrangert på Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid. Dei utstilte føla kom både frå Eid kommune og meir langvegs frå. Arrangør var Eid fjordhestlag.