Skal kåre fylkets beste drikkevatn

I samband med ein Vatn og avløpskonferanse på Hotel Alexandra i Loen førstkomande onsdag skal Sogn og Fjordane sitt beste drikkevatn kårast.

Nordfjordeid vassverk er ein av kandidatane når fylkets bestedrikkevatn skal kårast. Biletet er frå den dagen vassverket vart sett i drift tidlegare i år. Frå venstre prosjektleiar Einar Hessevik, Ove Kjøllesdal og Alfred Bjørlo som her opnar opp den store ventilen.  

Nyhende

Konkurransen blir arrangert av Norsk Vann og Norsk Kommunalteknisk forening (NKF). Kjell M. Jacobsen, i Kommunalteknikk, seier i ei pressemelding at det skal kårast vinnarar i to  klassar - grunnvasskjelder og overflatekjelder.

15 kandidatar

Totalt er det plukka ut 15 kandidatar frå vassverk i fylket. I tillegg til Nordfjordeid Vassverk er kandidatane: Aurland vassverk, Aurland kommune, Balestrand vassverk, Balestrand kommune, Bøfjord vassverk, Hyllestad kommune, Gaupne vassverk og Hafslo vassverk, begge Luster kommune, Høyanger vassverk, Høyanger kommune, Stryn og Loen vassverk, begge i Stryn kommune, Lærdal vassverk, Lærdal kommune, Raudeberg vannbehandlingsanlegg, Vågsøy kommune, Sandane vassverk, Gloppen kommune, Sogndal vassverk, Sogndal kommune, ØvreÅrdal vassverk, Årdalstangen vassverk, begge Årdal kommune.

Ni Semifinalar i 2018

Semifinalestadane er: Møre og Romsdal - Vestlandet - Sogn og Fjordane - Midt-Norge - Nord-Norge - Innlandet - Østlandet - Helgeland og Sørlandet. Vinnarane i kvar klasse går til finalen. Finalen blir gjennomført under Miljø og Teknikk 2019, som blir arrangert på Norges Varemesser, Lillestrøm, den 5. mars neste år.

Kvalifikasjonskrav

Alle vassverk som leverer til meir enn 300 innbyggarar kan delta. Vassverket må ha godkjenning frå det lokale mattilsynet. Konkurransen vil ha en fagjury beståande av ein fast juryformann, og handplukket ekspertise frå regionen. Konkurransen fokuserer på lukt og smak for å gjere forbrukarane merksame på dei gode kvalitetar som kranvann har, og kva forventningar ein skal ha til godt drikkevann.