– Det er litt keisamt å berre vere heime så det er kjekt å bruke haustferien på handballskule, seier Astri (9) som saman med Malik (10) og Scott (11) brukar ferien på Rema 1000 Handballskule som har vore arrangert frå onsdag til fredag i Eidahallen. Til saman er det 50 born mellom seks og elleve år som har vore med for å vere i aktivitet, spele handball og vere sosial.
– Å ha det gøy med andre er det kjekkaste, seier Malik som for første gong deltok på handballskulen, medan det var Astri og Scott sin andre gong.