Aktivitet i haustferien

Tipp topp stemning

Måndag til onsdag denne veka var jenter og gutar samla på idrettsparken for å spele fotball og ha det artig.

Ferieproffen: Mange idrettslag tek haustferie, men for Eid fotball var det fotball for både jenter og gutar frå måndag til onsdag då FerieProffen vart arrangert.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Det er mange lag som tek pause i haustferien, og det er sjølvsagt heilt ok, men vi som klubb prøvar å halde i gong aktiviteten og ha eit tilbod til dei som ynskjer å spele i ferien, seier Eid-trenar Dan Jøran Hafsås som har hatt det totale ansvaret for FerieProffen som vart arrangert av Eid fotball måndag til onsdag denne veka. Både jenter og gutar frå alderen 9 til 12 år og frå 13 til 17 deltok.