Storstilt omorganisering av Statens vegvesen

Regjeringa vil kutte 1,7 mrd. kroner og legg opp til ei omfattande omorganisering av Statens vegvesen som kan innebere nedlegging av ein del trafikkstasjonar i distrikta.

PUBLIKUMSRETTA TENESTER KAN BLI KUTTA: I løpet av ei veke er det mellom 200 og 300 personar som er innom og får hjelp til å ordne ting på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det har blitt gjennomført noko som i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett vert omtala som ein områdegjennomgang av Statens vegvesen. Føremålet er å legge til rette for mogelege endringar, slik at etaten kan bli meir effektiv.

Regjeringa har sett som mål at Statens vegvesen skal redusere sine interne kostnader frå 11,7 milliardar kroner til 10 milliardar kroner i 2023, dette rekna utifrå prisnivået i 2017. Dette inneber mellom anna midlar til planlegging, byggherre, forvaltning, trafikant- og køyretøytilsyn, samt støttefunksjonar.