Uroleg for framtida til Trafikkstasjonen

Fungerer godt

Senterpartipolitikar Sigurd Reksnes ropar eit kraftig varsku i samband med den framtidige omorganiseringa av Statens vegvesen, der føringane som blir gitt kan bety at det bli omfattande sentralisering.

FUNGERER GODT: – No må det vere slutt på å tappe distrikta for viktige arbeidsplassar. Vi ser at det fungerer godt med ein desentralisert modell i dag. Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane senterparti og gruppeleiar for Senterpartiet i Eid, Sigurd Reksnes.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

 

Sigurd Reksnes viser til Statsbudsjettet og regjeringa si bestilling når det gjeld reform av Statens vegvesen. Han tykkjer det er svært urovekkande det som der kjem fram, og oppfattar det slik at her vert det mange trafikkstasjonar som står i fare for å bli lagt ned.

Blir plundrete med lang veg

Reksnes peikar på at det er mange vektige argument for å behalde Statens vegvesen sin trafikkstasjon og byggherremiljøet ein har på Nordfjordeid.