Fleire vart melde

Tre forhold vart melde då Statens vegvesen hadde tungbilkontroll på Kjøs tysdag.
Nyhende

Under ein kontroll på Kjøs kontrollstasjon tysdag fekk to sjåførar 500 kroner i gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring. Fire sjåførar fekk pålegg om å fjerne gjenstandar i vindauge før dei fekk køyre vidare. Ein sjåfør vart meld for brot på køyre- og kviletidsreglane. Ein sjåfør og firma vart meld for ikkje å ha montert fartskrivar. Ein sjåfør måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare. Ein sjåfør vart meld for manglande yrkessjåførkompetanse. Firma måtte skaffe ny sjåfør før transporten kunne fortsette.