Venstre-ordføraren fryktar sentralisering

Bekymra, men kampklar

– Her kan det bli lagt opp til endå ei statleg sentralisering som råkar Eid og Nordfjord. Det seier ein bekymra, men kampklar Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). Han meiner at det er all grunn til å «slå alarm» i samband med omorganiseringa av Statens vegvesen.

Kvarsomhelst: Mange arbeidsoppgåver i Statens vegvesen kan i prinsippet gjerast frå kvarsomhelst, like gjerne frå Nordfjordeid som frå Oslo og Bergen, påpeikar Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V)  Foto: Anna Wuttudal

Vi kjenner lusa på gangen

Nyhende

 

Eid-ordføraren peikar på at det er fleire ting som skjer samstundes. Det handlar om tre ulike omstruktureringsprosessar i Statens vegvesen som det ser ut til å mangle politisk koordinering av.

Det eine er nedbygging med utgangspunkt i digitalisering og at fleire trafikkstasjonstenster blir gjort på nett. Det andre er eit effektiviseringskrav til statleg forvaltning av vegnettet og det tredje er regionreforma og overflytting av fylkesvegadministrasjon til fylkeskommunane.