Energikompetansesenteret

Tilsette tek over selskapet saman med Eid kommune

Det vart tidlegare i år bestemt at dei tidlegare tilsette i Energikompetansesenteret, Jan Olav Larssen og Svein Lillestøl overtek eigarskapet i selskapet saman med Eid kommune for å sikre vidare drift. 

Jan Olav Larssen (t.v.) og Svein Lillestøl overtek eigarskapet i selskapet saman med Eid kommune for å sikre vidare drift.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Dette vart bestemt for å kome nærmare den opphavlege ideen bak  Energikompetansesenteret, som var tenkt å vere eit møtepunkt, kompetansesenter og felles «teknologi-leikeplass» for næringslivet i heile regionen.

Unikt næringslivsmiljø

Nordfjord har eit unikt næringslivsmiljø innanfor elektro og automasjon, fornybar energi,  smart energistyring og energibruk i bygg, og målet er å få ein framtidsretta arena der næringsliv og skule kan samarbeide tverrfagleg for å prøve ut ny teknologi på desse områda i tillegg til teknologi og løysingar knytt til velferdsteknologi.