Markerer verdsdagen for psykisk helse

Skapar meir openheit

Onsdag 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse, og som elles i landet blir dette markert også i Eid.

Dei Ansvarlege: Liv Stokkenes Jacobsen (t.v.), Norunn Kjøsnes, Astrid Grete Torheim, Anett Munch Oen og Solfrid Lillebø (t.h.) inviterer til markering av verdsdagen for psykisk helse. Vibeke Rand og Hilde-Kristin Nord var ikkje til stades.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Verdsdagen for psykisk helse er Norges største opplysingskampanje for psykisk helse og skal markerast komande onsdag. Målet er at dagen skal skape meir openheit og gje kunnskap om psykisk helse. I år er temaet raustleik, og fokuset er spesielt på skuleelevar ved Eid ungdomsskule og Eid Vidaregåande skule.