Opera Nordfjord støttar TV-aksjonen

Konsert i Eid kyrkje

Opera Nordfjord arrangerer konsert i Eid Kyrkje torsdag 11. oktober til inntekt for TV-Aksjonen 2018, som i år går til Kirkens Bymisjon.

Kyrkjekonsert: Tradisjonen tru så stiller også i år Opera Nordfjord opp for TV-aksjonen. Komande torsdag blir det konsert med solistar og musikarar. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det har blitt ein fast tradisjon å støtte dette arrangementet, og også i år er det stor interesse for å bidra med konsertinnslag, der solistar og musikarar frå operaen La Bohème velvillig stiller opp med eit svært variert program.

– Frå konsertrepertoaret kan ein nemne mellom anna Svanen av Saint Saens for cello og harpe, Romanse for fiolin og orkester av Svendsen med konsertmeister Stig Nilsson som solist, Old Man River, obo-konsert av Mozart, forskjellige kammermusikkinnslag ved orkestermusikarane, og fleire solistinnslag med operasolistane. Programmet vert til i løpet av dei neste dagane, og ein kan garantere eit stort spenn i sjanger, frå Grieg til negro spirituals, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Hjelp frå sponsoar

Hovudsponsorane Sogn og Fjordane Energi og Sparebanken Vest dekkjer annonseutgifter, Eid Kyrkje stiller med gratis lokale, Hildenes Gartneri pyntar kyrkja og alle medverkande stiller sjølvsagt opp utan vederlag. Alle inntekter går direkte og uavkorta til TV-Aksjonen.

Opera Nordfjord ønskjer alle hjarteleg velkomne til ein konsert for medmenneske i nød.

Konserten er gratis for alle, og dei som ønskjer det, kan gi ei gåve til TV-Aksjonen ved utgangen.