Fiskeferie for Aurora, Linnea og Davik

Fekk lange på over 20 kilo

Haustferien for Aurora, Linnea og David er kanskje ikkje heilt lik fridagane som andre born har. Dei bruker veka det er skulefri til å fiske i Eidsfjorden.

Ei lange på rundt 20 kilo er ikkje kvardagskost, sjølv ikkje for familien Grinde som nyttar haustferien til å fiske i Eidsfjorden. Frå venstre: Pappa Magne, Aurora, David og Linnea. Bak skimtar vi «Besten».   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Tysdag kom dei til land med storfangst. I båten hadde dei både hyse, lysing og lange. Men gjevast var ei lange på rundt 20 kilo. Besten, som også var med på turen saman med sonen Magne Grinde og barnebarna, fortel at den største langa vart fiska omlag midtfjords.

–Det som er ekstra kjekt er at barnebarna mine likar, og er flinkle til å ete fisk, seier Besten og legg til at Aurora er spesielt glad i torskehouvd.

–Kjakane på torsken er spesielt gode, seier Aurora og legg til at far Magne likar torsketunge best.

Mykje fiske mat

–Av fisken vi får lagar vi både fiskekaker og fiskepudding, i tillegg til at vi lagar gode fiskemiddagar av fersk fisk, fortel dei fem glade fiskarane, Besten, Magne, Aurora, Linnea og båteigar og sjef over alle sjefar, yngstemann David.

Nesten kvar dag

–Å vere på fjorden og fiske er så kjekt at det kjem vi til å gjere nesten kvar einaste dag i haustferien, seier Aurora.