Eidar kan bli Norges beste pokerspiller

Bjørn-Erik Bruvoll vann fylkesmeisterskapen i poker i Sogn og Fjordane. 33-åringen er blant utfordrarane til å vinne Norgesfinalen i Tallinn 17. oktober.

Bjørn-Erik Bruvoll er blant utfordrarane til å vinne Norgesfinalen i poker i Tallinn 17. oktober.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Sogn og Fjordane sitt store pokerhåp i Tallinn-finalen heiter Bjørn-Erik Bruvoll. Han sikra reisa til Tallinn, samt den eksklusive fylkesmeistertittelen i Kommunepoker, gjennom solid og offensiv speling.

– Det er kjekt å vinne poker-turneringar. Fylkesfinalen gjekk opp og ned som elles alt anna i livet, men eg bygde meg sakte men sikkert opp gjennom heile turneringa. Ein siger som smaker, seier fylkesmester Bjørn-Erik Bruvoll.

Styrmann

33-åringen jobbar som 1. styrmann i Siem Offshore på forsyningsskipet Siem Symphony til vanleg. Det betyr turnus, og 30. september var Bruvoll på jobb. På sjøen. Samstundes med at fylkesfinalen i Kommunepoker for Sogn og Fjordane blei spelt, var gode råd, bokstaveleg talt, dyre.

–Der blei ein dyr affære for meg å spele fylkesfinalen. Eg var så uheldig å vere langt ut i blåmyra når finalen gjekk, men eg fekk det til likevel, gjennom å spele med ein kompis over telefon. Telenor sine maritime prisar kostar ein heil del, men sidan eg vann så var det vel verdt det. Så då må vi prøve å hale i land sigeren i Tallinn også, seier  Sogn og Fjordane-champion Bjørn Erik Bruvoll.

Online

Totalt har 2063 spelarar deltatt i første sesong av Kommunepoker. Ei online pokerturnering med målsetting om å sende poker-spelet ut til folket. Kommunepoker har engasjert folk i alle aldrar, på tvers av samfunnslag og hos begge kjønn.

Alle kommunar frå Lindesnes i sør til Nordkapp i nord har hatt sine lokale turneringar. Vinnarane har avansert til fylkesfinalen med kvar sin lokale Kommunepoker-tittel i beltet. Der fekk vi 19 verdige vinnarar, som søndag 30. september møtes i kampen om bli Norges beste pokerspelar i Tallinn onsdag 17. oktober. I den estiske hovudstaden tek Kommunepokers Norgesfinale ein ny retning. Det skal no spelast live ved pokerfilten. Det er det sterkt norsk-eigde spillselskapet Coolbet med base i Tallinn, som står bak konseptet.

–Vi er utruleg stolte over konseptet som blei Norges største turnering allereie i år. Neste år går vi for dobling og minst 4000 deltakarar. Finalen frå Tallinn onsdag neste veke skal sedast live på Coolbet Open sine sider, seier talsmann for Coolbet.com, Mikael Mellqvist.  

Spennande

Med to titlar i beltet tek styrmann Bruvoll laus på finalen med stort pågangsmot og god motivasjon.

–Det blir kjekt med ein tur til Tallinn. Eg har aldri vore der før, og eg er jo glad i livepoker sidan eg eigentleg ikkje spelar mykje online. Alt kan skje ved eit pokerbord, så ein får gjere ein god innsats å sjå kor langt ein kjem, avsluttar Bjørn-Erik Bruvoll, fylkesmester i Sogn og Fjordane, som er ein av utfordrarane til tittelen i Norgesfinalen mot dei andre fylkesmeistrane.