Den kulturelle skulesekken

Akrobatikk og drama

Tysdag 2. oktober fekk elevane ved Eid vidaregåande skule sjå ei førestilling med stor kroppskontroll og akrobatiske triks.

Førestilling for vgs: D`Click Compania stod på scena i Eidahallen med akrobatikk, dans og drama.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet som skal bidra til at alle skuleelevar i Norge får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. I forbinding med dette har kompaniet D`Click Compania med Hugo Gauthier frå Belgia, Ana Castrillo frå Spania og Javier Gracia frå Spania vore på turne i ein månad og nest siste stopp var Eidahallen og førestillinga «Isla» for elevane som går VG1 til VG3 ved Eid vidaregåande skule tysdag 2. oktober. D`Click Compania vart danna i 2010 og har spesialisert seg på førestillingar med ein balanse mellom sirkus og scenekunst noko som kan klart sjåast på scena. Det publikummet fekk sjå var ei førestilling som var basert på kroppsrørsle, kroppskontroll og typisk teater, med typiske innslag frå sirkus slik som akrobatikk og den kinesiske pålen.

Handlinga

Dei tre karakterane på scena hamnar på ei aude øy etter eit havari. På den aude øya er dei heilt åleine og difor også heilt avhengige av kvarandre for å overleve. «ISLA» er på mange måtar basert på draumar og hallusinasjonar til dei tre karakterar etter at dei hamnar på den aude øya. Dei tre karakterane kjem opp i situasjonar der dei vel merkelege strategiar og løysingar for å overleve.