Fylkesordførar Jenny Følling:

– Krevjande budsjettframlegg

– Dette er eit krevjande budsjettframlegg for Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Dette er eit krevjande budsjettframlegg for Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Måndag 8. oktober la finansminister Siv Jensen fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019. Forslaget inneber ein stram fylkesøkonomi og kutt i regionale utviklingsmidlar.

– Dette er eit krevjande budsjettframlegg for Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier fylkesordførar Jenny Følling som håpar at stortingsfleirtalet vil styrke løyvinga til regional utvikling.

–Den har systematisk har vorte redusert siste åra. Fylka må få full kompensasjon for renter ved ferjeavløysing, og eg håpar på ei oppstartløyving til museumsprosjektet Kløften ved Sunnfjord museum.

Fylkesøkonomi

Forslaget til statsbudsjett for 2019 legg ikkje opp til opptrapping av tapskompensasjon for fylkeskommunen. Regjeringa legg opp til ei vidareføring i kroner og øre av nivået frå 2018, noko som medfører ein realnedgang i 2019 for Sogn og Fjordane.

Nivået på midlane som vert fordelt etter forfall på fylkesvegnettet vert auka med 100 mill. kr i 2019. Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit stort forfall på fylkesvegnettet, og får 7,2 mill. kr av desse midlane.

Samla sett gjev statsbudsjettet ein realnedgang for fylkeskommune på 6–7 mill. kr i høve kva vi hadde forventa etter Kommuneproposisjonen i mai 2018.

Ferjeavløysing

I tråd med tidlegare vedtak i Stortinget føreslår regjeringa å utvide ordninga med ferjeavløysingsmidlar til å dekke 30 prosent av rentekostnadane. Den samla utbetalingsperioden er framleis avgrensa til maksimalt 40 år.

Det årlege beløpet til fylkeskommunane vert det same, men det vert opna for at utbetalingsperioden kan forlengast. Dette medfører at utfordringane knytt til kostnader dei første åra etter investeringa vert dei same for fylkeskommunane.

Regional utvikling

I framlegget til statsbudsjett for 2019 ligg det inne 39,1 mill. kr i regionale utviklingsmidlar til Sogn og Fjordane fylkeskommune over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Dette er ein reduksjon på 14,8 mill. kr frå 2018, altså over ein firedel. Nivået på KMD-midlar har vorte redusert vesentleg dei siste åra, frå eit nivå på vel 100 mill. kr i 2011.

Reduksjonen kjem både av at den samla ramma til fylkeskommunane er redusert, og ei omfordeling mellom fylka som gjev mindre til distriktsfylke som Sogn og Fjordane.

Breiband

Den nasjonale ramma for tilskott til breibandutbygging er redusert frå 149 mill. kr i 2018 til 99,75 mill. kr i 2019. Desse midlane skal fordelast på fylkeskommunane etter ein fordelingsnøkkel som er fastsett av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Dette er ei ny ordning frå tidlegare, då fylkeskommunen søkte Nkom om breibandsprosjekt i kommunane.

Kultur

Regjeringa har ikkje prioritert midlar i statsbudsjettet til realisering av fellesmagasin for musea i Sogn og Fjordane og nytt museumsbygg for Sunnfjord Museum, «Kløften». Opera Nordfjord får auka støtta med 400 000 kr i samband med prosjektet «Fargespill».