Jobber vidare for å realisere Stad skipstunnel

Nyhende

I ei pressemelding frå Måløy Vekst om Stad skipstunnel og statsbudsjettet viser dagleg leiar Randi Humborstad til at det står følgjande om Stad skipstunnel i regjeringa Solberg sitt forslag til statsbudsjett for 2019:

«I 2017 ferdigstilte Kystverket et forprosjekt for Stad skipstunnel. Den eksterne kvalitetssikringen (KS2) var ferdig i mai 2018 og viste at forventet kostnad er økt til 3,7 mrd. kr. og forventet nytte redusert til -3,1 mrd. kr. Regjeringen vil på egnet måte komme tilbake til Stortinget om videre behandling av saken».

Styringsgruppa for Stad skipstunnel tek til etterretning at regjeringa vil kome tilbake om videre behandling av saken.

Humborstad understrekar at styringsgruppa jobber vidare for å realisere Stad skipstunnel og halde tidsplanen om byggestart i 2021, noko som også er i tråd med Nasjonal transportplan (2018-2029) og Kystverkets handlingsprogram (2018-2029).